Norgeskampanje sommar 2020

Det knytta seg stor spenning til kor mange gjestar som ville komme i sommar. Men med ein svært travel sommarsesong med besøksrekordar mange stader langs FjordKysten, vil vi sei det har vert ein svært god sesong langs FjordKysten.

Vi valgte tidlig å jobbe intensivt med å produsere kampanjer mot den norske marknaden, og dette har gitt ein vesentleg auke i tal brukarar på nettsida vår. Erfaringar frå dette vil vi ta med oss inn mot neste sommarseong, då vi må kunne forvente at det er dei norske feriegjestane som blir dei viktigaste kundane også neste sommar.

WEB
FjordKysten.no har opplevd stor vekst i løpet av perioden 01. juni – 26. august. Vi har i den gitte perioden hatt over 153 000 sidevisningar og over 55.000 nye brukare. 76.460 av brukarene som var innom fjordkysten.no kom frå Norge. 20.910 av desse er frå Austlandet.

Vi har hatt fokus på landingssider på fjordkysten.no som er blitt brukt opp i mot kampanjer. Her har vi blant anna laga ein side for kvar kommune der vi har hatt fokus på topp 10 opplevelsar i kvar kommune.

Artiklar som var ute sommaren 2020

I midten av juni gjekk vi live med ein kampanje hos Schibsted på VG og Finn Reiser. Kampanjane var i hovudsak retta mot Oslo, Hedmark, Oppland, Vestfolk, Telemark, Viken og Vestland. Desse kampanjane leverte godt over det som er gjennomsnittleg på både VG og Finn Reiser på både klikkrate, lesetid og klikk ut av sak. Du kan lese artikkelen her.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Lag et nettsted eller blogg på WordPress.com

opp ↑

%d bloggere liker dette: