Norgeskampanje Schibsted 2021

Visit FjordKysten har i perioden 26. mars til 31. mai gjennomført to kampanjer i samarbeid med Schibsted; Content og påfølgande remarketing som vert avslutta 13. juni. Kampanjen var i hovudsak retta mot Vestland, Viken, Oslo, Vestfold og Telemark. Vi valde å dele kampanjen opp i to periodar, ein som var ute i påsken, og siste del rett før sommaren. Kampanjen vart kjørt på VG, BT og Aftenposten.

Frå kampanjen gjekk live 26. mars til 31 mai 2021 har artikkelen hatt heile 18 953 sidevisningar. Artikkelen har med andre ord blitt godt delt! Artikkelen kan du fortsatt dele på eigne sosiale kanalar for å bidra til auka synlegheit. Gjennomsnittleg lesetid på artikkelen er på 107 sekund for heile kampanjeperioden, noko som gjer at vi ligg langt over gjennomsnittet for kva som er vanleg både i VG og i storbyavisene!

Til saman 1986 har klikka på lenkene i artikkelen. Dette utgjer ei klikkrate på 10,5% (Gjennomsnittleg: 5% i VG og 8% i BT og Aftenposten). Dette vitnar om svært god interesse for innhaldet i artikkelen!

Fjordkysten.no har opplevd stor vekst i perioden 26. mars – 31. mai. Vi har i den gitte perioden hatt 68.500 sidevisninger og 28.000 brukarar. Lesarane brukar i snitt 1,29 minutt på fjordkysten.no.


Solund Active har i mai kjørt ein kampanje med Native Ads. Landingssiden til denne kampanjen var på Solund si side på fjordkysten.no Vi ser markant auke også på desse sidene i kampanjeperioden.

Vi vonar den store interessen har auka trafikk og bestillingar hos medlemmane. Gje oss gjerne ei tilbakemelding!
lillian@fjordkysten.no marita@fjordkysten.no.