Ny nettstad og reiseplanleggar

Ein felles nettstad for Fjord Norge-regionen løyser utfordringar for store og små aktørar!

Konkurransen om å tiltrekke seg verdifulle gjestar er stor. For mange av dei reisande er kjennskapen og kunnskapen om Norge og Vestlandet som reisemål fortsatt relativ lav. Fordi vi har mindre marknadsføringsmusklar enn mange av våre konkurrentar må vi tenke smart og jobbe saman for å nå gjennom med vårt bodskap til moglege kundar.

Fjord Norge-regionen har tradisjon for å jobbe saman internasjonalt gjennom eit felles landsdelselskap – og vi tar det naturlege steget vidare når vi samlar innsatsen også på nett. Ein felles nettstad er eit naturleg knutepunkt og økosystem for regionens samla marknadsføring. Den let alle destinasjonar kapitalisere på kjennskapen til omgrepet «fjord» og regionsnamnet «Fjord Norway» internasjonalt.

Med eit tett samarbeid får vi mest mogleg ut av den samla innsatsen vi legg ned. Skal vi lukkast med å tiltrekkje oss gjestar heile året må informasjon om overnattingsstadar, aktivitetar og opplevingar gjerast mest og best mogleg tilgjengeleg.

STATUS I DAG

I dag er det vanskeleg for både norske og utanlandske gjestar, med avgrensa detaljkunnskap om regionen, å få oversikt og finne fram til alle dei flotte tilboda vi har på Vestlandet. Vi veit at kunden er grenselaus – og om lag 80% av våre gjestar reiser gjennom fleire destinasjonar når dei vitjar oss. I dag er det mange ulike nettstadar kunden forheld seg til, og det krev mange klikk for å finne informasjon. Det er med andre ord lite kundevennleg.

For destinasjonar og verksemder kan det ofte vere kostnadskrevjande å drifte gode nettside, og set ofte igjen med ein høg pris per kunde som besøker nettsida. Dette er ikkje bærekraftig over tid.

EI FELLES NETTLØYSING LØYSER UTFORDRINGANE

Eit forprosjekt beståande av 10 destinasjonar har konkludert med at ei felles nettløysing for Fjord Norge-regionen vil løyse fleire av utfordringane vi står ovanfor.

Ved å samle tilboda frå både store og små aktørar på ei nettside vil vi bidra til at fleire finn fram til det dei leiter etter, men og finn fram til tilbod som dei ikkje har kjennskap til. Nettsida kan med andre ord skape betre synlegheit for små verksemder som i dag ofte forsvinn i mengda av ulike nettside i Google og andre søkjemotorar. Vi vil unngå kannibalisme som skader alle si synlegheit. I tillegg til å skape meir organiske besøk frå brukaren som er aktivt søkande etter bærekraftige, naturbaserte reisemål, så får vi og eit betre kampanjeverktøy. Ei felles nettside vil gjere det enklare å lage kampanjar der vi kan drive all trafikk inn mot ein nettstad, i staden for å spreie trafikken på mange sider. Dette vil gjere sida meir brukarvenleg.

Vi meiner at ei felles nettside vil føre til at gjestane blir her lengre og at det vil skape auka verdi og auka lønsemd for aktørane i regionen, fordi gjestane i den viktige planleggingsfasen får betre oversikt, enklare tilgang til informasjon og moglegheit til å bestille.

I Scenarioprosjektet 2030 har reiselivsnæringa og fylkeskommunen i regionen vedteke ei felles målsetting om korleis reiselivet i Fjord Norge skal utvikle seg i åra framover. Eitt av satsingsområda er å utvikle regionen til å bli ein heilårsdestinasjon og vi meiner at vi ved å samle all informasjon på ei nettside i fellesskap vil klare å løfte fram aktivitetar som gjer oss attraktive også utanfor sommarsesongen.

Samarbeidet vil heve den digitale kompetansen hos destinasjonane i regionen. Dette blir regionen si felles nettside, men og dei deltakande destinasjonane si eiga heimeside. Saman investera vi i ei teknologisk plattform som vi kvar for oss ikkje ville hatt råd til. Vi får ein meir effektiv drift av nettsida som vil frigje tid til å jobbe med godt innhald og gode historier som skal inspirere til å besøke regionen. Sjølv om vi samlar alt på ei nettside vil destinasjonane fortsatt ha ansvaret for sitt eige innhald, og dei vil og kunne lage landingsside for kampanjar i eigen regi.

REISEPLANLEGGAREN BLIR HJARTE

Ein av nøklane til å lukkast er satsinga på ein reiseplanleggar, som blir ein integrert del av nettsida. Reiseplanleggaren vert lansert i ein enkel versjon før sommaren og i fullversjon i løpet av hausten 2021. Her vil gjestane enkelt kunne planlegge heile turen sin og legge inn aktivitetar, opplevingar og overnattingsstadar frå Jæren i sør til Smøla i nord. Nettsida har som ambisjon å inspirere, opplyse og hjelpe forbrukar i planlegging. Reiseplanleggaren vil gjere det praktisk mogleg for forbrukaren å komponere sin vestlandsferie. Reiseplanleggaren er unik i sitt slag og vil gje Fjord Norge-regionen ein konkurransefordel.