Vi i Fjordkysten & Sunnfjord ønskjer å satse meir på B2B arbeid, og nærmare arbeid med turoperatørar.
Det er mange ulike fordelar med å jobbe med turoperatørar. Her har du tilgang på eit stort salgsapparat som er ute og sel for deg på dine vegner, og du slepp å vere til stades sjølv ute i markedet og sette deg inn i ulike språk og kulturforskjellar. Du når også ut til ulike kundegrupper og segment avhengig av kva operatørar du vel å jobbe med. Turoperatørane sit på ein massiv markedskunnskap om kva gjesten forventar når han kjem, og kan derfor hjelpe til med tilrettelegging og planlegging ut i fra dette. Dette gjer og at du kan få god innsikt i kva ulike kundar er interessert i, og det kan dermed gjere det enklare å jobbe med produktutvikling for deg som ønskjer å ha eit attraktivt produkt.
Sjå gjerne denne filmen, Siri Tallaksen i Innovasjon Norge forklarar litt meir om kvifor det blir viktigare å jobbe med reisearrangørar.
Kva er det kundane er opptatt av?
Kundane er ute etter at det skal vere lett å planlegge, og gjerne eit skreddarsydd opplegg for deira behov. Dei vil ha unike opplevelsar, og gjerne lengre feriar men med meir innhald. Mindre fotavtrykk er og ein viktig faktor.
Vår rolle
Vi i Fjordkysten & Sunnfjord kjem til å delta på fleire ulike møteplassar med turoperatørar og incoming operatørar, som workshops og B2B-messer. Her sel vi inn medlemmane våre og det vi har å tilby i destinasjonen vår. Vi kjem etter kvert til å ha knytta gode kontaktar i dei markeda som kundane dine befinn seg i, som vil resultere i eit fantastisk nettverk. Et godt samarbeid med medlemmane våre vil gjere det enklare for oss å sette turoperatørane våre i kontakt med dei riktige folka.