Visit FjordKysten er destinasjonsselskapet for kysten av Sogn & Fjordane. Vi arbeider med marknadsføring og profilering av regionen som reisemål, i tillegg til produktutvikling og prosjektarbeid. Visit FjordKysten arbeider for å utvikle reiselivet i regionen – kvar dag, heile året.
Som medlem i Visit FjordKysten får du synlegheit i viktige kanalar. Du når dermed ut til fleire potensielle kundar enn om du står på eiga hand. I tillegg blir du ein del av eit nettverk med andre reiselivsbedrifter i regionen. Vi arrangerer årleg kurs og møteplassar for reiselivsnæringa. Har du ein god idé bidrar vi gjerne med vår kompetanse!