
Allmuen AS
Allmuen Kafé og Interiør ligg i Dalstunet i Dale i Sunnfjord og er godt kjent for dei heimelaga skillingsbollane, dei herlege kakene og den gode kaffien. I tillegg til mat og drikke har Allmuen Kafé og Interiør ei lita interiøravdeling.
Dalsvegen 107 / Sunnfjord / +47 577 36 780 / henriette@allmuen.no post@allmuen.no / allmuen.no

Askvoll Fjordhotell
Askvoll Fjordhotell er eit lite familiehotell og ein restaurant i sentrum av Askvoll kommune. Her har vertskapet ein stor lidenskap for heimelaga mat basert på lokale råvarer. Frå Askvoll Fjordhotell har du eit ypparleg utganspunkt for å kunne oppleve kystkulturen, lokal mat og eit hyggeleg hotellopphald. Her er kort veg frå hotellet til flotte turstiar.
Askvollvegen 432 / Askvoll / +47 577 33 535 / post@askvollfjordhotell.no / askvollfjordhotell.no
Foto: Ida Nornes

Askvoll Småbåtlag
Ved Øyra ligg Askvoll småbåtlag – berre eit steinkast frå Askvoll sentrum. Her finn du 50 meter med gjestekai, asfaltert område med grusbelagde plassar for bubilparkering og caravan, og grøntområde for telting. Ved Øyra finn du ei flott badestrand, klatrepark, volleyballbane og naust med grill som ein kan disponere. Det er ca. 10 minutt å gå til kunstgrasbane og ballbinge.
Askvoll / +47 951 06 206 / askvoll.smaabaatlag@gmail.com / askvoll-småbåtlag.no
Foto: Steinars Foto og Repro

Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke AS
Velkomen til Askvoll Sjøbuer Mat og Drikke. Ei kro, restaurant og pub heilt i sjøkanten i Askvoll Sentrum. Her får du god mat og drikke enten du vil nyte den her, eller ta den med deg heim.
Askvollvegen 498 / Askvoll / +47 577 30 381 / post@asjobuer.no / askvollsjøbuer.no

Astruptunet
Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 – 1928), som er ein av Norges mest kjende nasjonale kunstnarar.
Nikolai Astrupsveg 1135 / Sunnfjord / +47 474 76 581 / solber@misf.no / misf.no
Foto: Thomas Bickhardt / Bickfoto

Batalden Havbu
Velkomen til Batalden og Batalden Havbu. La deg inspirere av urørt natur, kystkultur og kunst i skjergarden vest for Florø. Batalden Havbu tilbyr eit opphald i historisk bygningsmiljø. Havbuvert Gunhild Bjelland inviterar til å besøke havbumuseet på Bualoftet og Galleri Havbu i Gamlehuset.
Store Batalden 5 / Kinn / +47 577 45 422 / gunhild.bjelland@gmail.com / bataldenhavbu.no

Bistro to kokker
I hjarte av Florø sentrum finn du Bistro to kokker sitt kafé- og gatekjøkken. Her byr dei på gode måltid, dagens rett og ein variert og velsmakande meny. Bistro to kokker sin kafé starta opp i 1988 som eit tilbod til fastbuande og tilreisande med behov og ønskje om eit godt måltid til ein fornuftig pris. Bistro to kokker kan levere ut overtidsmat til bedriftar, samt at dei tilbyr takeaway.
Strandgata 33 / Kinn / +47 577 52 233 / terje@tokokker.as / tokokker.as

Bremanger Fjordhotell
Situert i hjartet av den mektige naturen i Bremanger, vil ein oppleve at Bremanger Fjordhotell er ein stad for å nyte stillheita – og hente ny energi for ein hektisk kvardag. Svelgen er det ideelle utgangspunkt for dagsturar både til fjells og til havs, og er vakkert omringa av fjord, bre og ruvande fjell. Her har du eit eldorado av opplevingar i nærleiken.
Granden 4 / Bremanger / +47 577 96 520 / post@bremangerfjordhotell.no / bremangerfjordhotell.no

Bulandet Temapark
I det gamle bygdehuset i Bulandet finn du temaparken som gjev eit heilskapeleg bilete av livet i øysamfunnet. Her vises Bulandet i fortid og notid.
Nordsjøvegen 1028 / Askvoll / +47 913 17 194 / liv.turid.gjoroy@enivest.net /
facebook.com/Temaparken-i-Bulandet-1591147844484925/

Bulandsferie
Velkomen til Bulandet og Bulandsferie – ei perle i havgapet. Her kan du ta eit pusterom og nyte ein stad med stillheit og vid horisont rundt deg. Bulandsferie ligg like ved sjøen, i eit særprega og hyggjeleg miljø. Alle dei små øyane og smale sunda gjer Bulandet til eit unikt samfunn.
Nordre Gjelsa / Askvoll / +47 916 91 918 / bulandsferie@gmail.com / bulandsferie.no

Comfort Hotel Victoria Florø
I ein by som er kjent for å halde på sine tradisjonelle verdiar, har Comfort Hotel Victoria Florø ein litt annen vri på det. Comfort Hotel Victoria trur på det unike ved å skape kontrastar. Innanfor dørane vil du derfor finne eit urbant miljø prega av design, musikk og kaféliv. Utanfor finn du alltid hav, fjord og fjell.
Markegata 43 / Kinn / +47 577 52 555 / co.floro@choice.no / hotellvictoria.no

Eikaasgalleriet
I det moderne Eikaasgalleriet på nordsida av Jølstravatnet, finn du nyskapande kunst av Ludvig Eikaas og andre kunstnarar.
Jølstravegen 1677 / Sunnfjord / +47 474 72 236 / sfkm@misf.no / misf.no
Foto: Thomas Bickhardt / Bickfoto

Eikeneset Feriehytte
Velkomen til den idylliske hytta like ved Ikjefjorden. Ikjefjorden ligg midt i mellom Bjordal, Brekke, Matre og Lavik og ligg utanfor allfarveg. Her held dei lokale fokus på kulturlandskapet. Ikjefjorden er eit idyllisk område med gode fiskemoglegheiter i sjø og ferskvatn. Her finn du flotte fjellturar for dei spreke, og vandring i bygda for mosjonistane. Eit godt utgangspunkt for dagsturar langs kysten.
Ikjefjord 42 / Solund / myrebonden@gmail.com / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/eikeneset-feriehytte

Ete fysst
Restauranten ligg rett ved Jølstra sentralt plassert i Førde sentrum. Det er plass til 90 gjestar og menyen er à la carte seks dagar i veka. På menyen er det fokus på kvalitet og ferske, sesongbaserte råvarer.
Hafstadvegen 26 / Sunnfjord / +47 578 28 110 / www.reastaurantetefysst.superbexperience.com

Fabel Kafé og Motel
Fabel Kafé og Motel ligg i Dale senter i Fjaler, og er eit naturleg stad for ein kvilepause. Her kan du prøve «verdas» beste karamell frappe, eller nyte ein god frukost, lunsj eller middag inne, eller på den flotte takterrassen. Her er og ein bar med alle rettigheiter – både inne og ute.
Dalstunet 6A / Sunnfjord / +47 400 70 470 / post@fabelkafe.no / fabelkafe.no

Fjordane Friluftsråd
«Friluftsliv – ein naturleg del av kvardagen for alle». Nokre av hovudprosjekta er å drive regionale ryddeprosjekt på kysten og tilrettelegge for friluftsaktivitet.
Hardbakke 33 / Solund / +47 994 87 500 / bjarte@friluftsrad.no / fjordanefr.no

FjordGuiding
Opplev det beste FjordKysten & Sunnfjord har å by på med privat RIB. FjordGuiding skreddarsyr turar frå Gulen til Florø for å gje deg ein oppleving du seint vil gløyme! I sommarhalvåret kan du bli med på RIB-tur til Alden for å bestige Den norske hest – fjellet som stig loddrett opp av havet.
Askvoll / +47 994 78 212 / steffen@fjordguiding.no / ribaskvoll.no

Fjordkick
Sørbøvåg er ei vakker vestlandsbygd ved innløpet til den verdsberømte Sognefjorden. Her ligg Fjordkick – flotte feriehus med panoramautsikt over Åfjorden og majestetiske Lihesten – eit eldorado for turgåarar og naturinteresserte. Gode fisketilhøve både i fjorden, lenger ut i havet og i dei mange fiskevatna på land. Fjorden er isfri heile året. Fantastisk turterreng så vel på sykkel, som til fots.
Åfjordvegen 894 / Hyllestad / +47 979 62 230 / mail@fjordkick.no / fjordkick.no

Fjordlagunen Sjøsportsenter
FjordLagunen byr på aktivitetar for både liten og stor. Her kan dei leike seg over og under vatn med kjekke leikeapparat. Du kan leige vannscooter, vasski, tube og banan. Du finn og ei eiga sandstrand på over 400 meter, og lagune. Kafeen er open i helgene.
Vårdalsneset / Askvoll / +47 415 52 350 / cecilie@utne.nu / fjordlagunen.no

Flatheim
Flatheim er eit lite gardshotell i Viksdalen midt på den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet. Her kan du finne roen, senke kvilepulsen og komme tett på naturen. Du kan overnatte i historiske tømmerhus med sjel og sjarm. Nærleiken til det verna Gaularvassdraget som renn like ved er verdifull, og gjev høve til både bading, fisking og vandring langs vatn, fossar og klart, rennande vatn.
Gaularfjellsvegen 2275 / Sunnfjord / +47 461 99 597 / post@gaularfjellet.no / gaularfjellet.no

Floren
Velkomen til Floren, ein ombygd, restaurert låve med møterom og selskapslokale. Her er det skiftande kunst og handtverk utstillingar. Vertskapet Liv Turid Gjørøy inviterar til minnerike opplevingar for sine gjestar.
Nordsjøvegen 946 / Askvoll / +47 577 32 119 / liv.turid.gjoroy@enivest.net / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/floren—selskapslokale-i-bulandet

Førdefestivalen
Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og går over fem dagar i juli kvart år. Festivalen presenterer rundt 250 artistar frå heile verda på 30 scener gjennom rundt 80 ulike festivalarrangement. Førdefestivalen vart i 2019 kåra til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger av European Festival Association.
Angedalsvegen 5 / Sunnfjord / +47 469 05 010 / info@fordefestival.no / fordefestivalen.no
Foto: Førdefestivalen/L.Boussauw

Førde Gjestehus og Camping
Frå Campingplassen er det er kort veg til fjell, sjø, villmark og naturvakkert landskap. Den sentrale plasseringa midt i fylket, gjer Førde Gjestehus og Camping til ein ideell stoppestad dersom du er på gjennomreise eller har planlagt eit lengre stopp i regionen. Campingplassen ligg i rolege naturomgivelsar, rett ved elva Jølstra.
Kronborgvegen 44 / Sunnfjord / +47 468 06 000 / post@fordecamping.no / fordecamping.com

Galleri 34
På Havbumuseet kan du sjå fiskerihistorie og levesett gjennom foto, reiskapar og utstyr, bøker og modellbåtar.
Store Batalden 5 / Kinn / +47 951 58 269 / gunhild.bjelland@gmail.com / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/galleri-havbu-og-havbumuseet

Gulatinget
På Tusenårsstaden Gulatinget finn du ein vakker park som innbyr både til ettertanke, til læring og til aktivitet – tett på kunst, kultur og natur.
Fv7 10 / Gulen / +47 577 82 006 / gulatinget@gulen.kommune.no / gulatinget.no

Gulen Dive Resort
Gulen Dive Resort er lokalisert sentralt i Gulen kommune, med kort reise avstand fra Bergen eller Florø. Gulen Dive Resort eit av Europas beste dykke resorter og tilbyr alt innan dykking og vassport. Her finn du nokre av dei mest spektakulære dykkemåla i Norge.
Glosvikvegen 134 / Gulen / +47 577 84 020 / orjan@gulendiveresort.com / gulendiveresort.com

Gåsvær fiskeferie
Særprega, restaurert bustadhus med 3 leilegheiter heilt i sjøkanten. Gåsvær er ei lita øy i havgapet ytterst i Sognefjorden, eit tradisjonellt gammalt fiskevær med gammalt sjøhusmiljø. Her kan du ta med deg familien eller vener på ein avslappende ferie. Utleige av båt.
Gåsvær 6924 / Solund / +47 992 98 975 / amarie-g@online.no / visitgaasvaer.com

Hatlems Hytter
Velkomen til Hatlems Hytter – eit utgangspunkt for unike opplevingar. Hatlems Hytter ligg på Risnes i Lifjorden. Hyttene har stor variasjon i størrelse og standard, og fungerar glimrande som base for utfluktar på fjord og i fjell. Om du er på jakt etter nøktern tømmerhytte, moderne leiligheiter eller noko midt imellom, har Hatlems Hytter feriebustadar for ein kvar smak og eit kvart behov.
Risnes / Lifjorden / +47 952 53 943 / oddvar.hatlem@online.no / hatlemshytter.no

Havhesten
10 minutts vandring frå Florø sentrum finn du badeanlegget Havhesten – ideelt plassert ved sjøen med utsikt mot både fjord og fjell.
Firdavegen 52 / Kinn / +47 577 56 720 / leiar@havhesten.no / havhesten.no

Hellebustfossen Hytter
Hellebustfossen Hytter tilbyr to store og moderne hytter med lakserett ved Hellebustfossen i det rike Flekke- og Guddalsvassdraget. Hyttene passar bra for vennetur, familiar og kollegaer som er ute etter laksefiske og andre flotte naturopplevingar.
Hellebust / Fjaler / +47 577 35 728 / bjarhel2@online.no / facebook.com/Hellebustfossen

Hestad Kapell
Hestad Kapell står støtt på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden. Kyrkja blei bygd i 1805 og ferdast du langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet må du stoppe for ei omvisning og kansje eit bad i idylliske Hestadfjorden. Kapellet erstatta ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen.
Fv 610 / Sunnfjord / +47 905 90 996 / asksel@online.no / fortidsminneforeningen.no/museum/hestad-kapell/
Foto: Line Hårklau

Hjertebladhagen
Hjerteblad er like mykje ei oppleving som ein butikk. Folk kjem langvegs frå for å oppleve Hjertebladhagen og få lærdom og inspirasjon av Merete sin kunnskap.
Åfjordvegen 703 / Hyllestad / +47 934 48 983 / merete@hjerteblad.no / facebook.com/hjertebladhagen
Foto: Helene Steen

Hornelen Via Ferrata
Er du klar for eit skikkelig adrenalin kick? Kom til Bremanger og klatre Europas høyeste sjøklippe på 860 meter! Plassert i vakre Nordfjord kan Hornelen Via Ferrata skilte med spektakulær, fantastisk utsikt. Velg ditt eget utfordringsnivå mellom en guidet halv- eller heldagstur for kanskje Norges mest luftige opplevelse.
Urane 13 / Bremanger / post@hornelenviaferrata.no / www.hornelenviaferrata.no
Foto: Bolteforbundet

Hotel Sognefjord
Hotell Sognefjord er perfekt for deg som ønskjer fjell- og fjordferie. Perfekt som utgangspunkt for dagsturar i nokre av dei vakraste naturperlene i landet. Hotellet har kort veg til attraksjonar som dreg folk frå heile verda til fjordlandskapet i Sogn.
Leirvik / Hyllestad / +47 577 88 920 / post@hotelsognefjord.no / hotelsognefjord.no

Hov Hyttegrend
Hov Hyttegrend ligg ved inngangen til Fosseheimen i Sunnfjord, med 20 hytter og plass til 15 bubilar. Det er kort avstand til bre og fjord, og det verna Gaularvassdraget brusar tett forbi med mektige fossar, stryk og idylliske vatn. Særs godt fiske i ferskvatn, mykje skogsber og sopp. Fossestien går rett forbi hyttegrenda, dette er ein 21 km lang vandreveg som går langs øvre del av Gaularvassdraget.
Viksdalen / Sunnfjord / +47 577 17 937 / ottar.hov@online.no / hovhyttegrend.no

Høyseth Camping
Høyseth camping ligger innerst i Stardalen ved innfallsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark. Her, i hjartet av vakker Vestlandsnatur, finn du åtte enkle og sjarmerande hytter med 2 – 6 sengeplassar. Bubilar og telt er selvsagt også velkomne. Campingen er eit fantastisk utgangspunkt for fot – og skiturar til blant anna Haugabreen og Snønipa.
E39 60 / Sunnfjord / +47 467 85 990 / hoysethcamping@outlook.com / hoysethcamping.no

Håjen Kafé
Frå lokala med vakker utsikt over Førdefjorden, driv vi kafè, bakeri og gardsmatbutikk. Vi serverar mat tufta på lokale tradisjonar, laga frå grunnen av med lokale råvarer. I tillegg til lunsj og middag kan du nyte heimelaga iskrem, bollar eller tradisjonsbakst som lefser, natronkaker og potetkaker med ein god kopp kaffi. I butikken finn du eit stort utval av våre eigne varer og velsmakande lokalmatprodukt frå andre små produsentar frå Vestlandet.
Slettehaugen 29 / Sunnfjord / +47 578 18 260 / hslettehaug@gmail.com / haajen.no

Jakob Sande-tunet
Den folkekjære diktaren Jakob Sande er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Her kan du få informasjon og omvising i diktarens fotspor.
Nikka Vonens Veg 31-35 / Sunnfjord / +47 577 37 775 / tunet@jakobsande.no / jakobsande.no

Joker Værlandet
Med lite trafikk, lett kupert terreng og eit mylder av øyer som er knytt i saman av bruer, er Bulandet og Værlandet eit sykkeleldorado for liten og stor. Værlandet Handel / Joker Værlandet tilbyr utleige av sykkel.
Gnr 60 Bnr 181 / Askvoll / +47 588 30 120 / joker.verlandet@joker.no / joker.no/finn-butikk/joker-varlandet

Jølster Aurefest
Jølster Aurefest er ein årleg fiskekonkurranse i Jølster over tre dagar og har vore arrangert sidan 2014.
Jølstravegen 3225 / Sunnfjord / +47 918 02 828 / svein@hend.no / jolsteraurefest.no

Jølster Panorama
Velkommen til Jølster Panorama – campingglede i vasskanten! Campingplass for bubil, campingvogner, telt og hytter. Ligger heilt ned med vatnet med strøm på alle plassar. Plassen har 2 servicebygg med kjøkken, vaskemaskin, tørketrommel, dusj og toalett. Det er fiskemuligheter frå campingplassen og muligheten for å leige båt.
Skei / Sunnfjord / +47 577 28 234 / malene@skeiservicenter.no / jolsterpanorama.no

Jølstraholmen
Jølstraholmen er ei familieeigd bedrift gjennom 3 generasjonar, heilt sidan 1962. I dag har dei over 100 sengeplassar fordelt på 23 forskjellige hytter, lodger og suiter langs elva Jølstra. På plassen finn du riverside badstue, naturbasseng, vannsklie, stor leikeplass, zipline, interaktive leikeapparat, grillplass, ein stor daglegvarebutikk, bensinstasjon, kafé og ladestasjon for elbilar.
Jølstraholmen / Sunnfjord / +47 952 97 879 / post@jolstraholmen.no / jolstraholmen.no

Jølvassbu
Jølvassbu Camping finner du ved elva Jølstra, like ved E39 i Sunnfjord halvveis mellom Bergen og Ålesund. I naturskjønne omgivelser er det gangavstand til fiskeplasser, merka turstiar, badestrand, butikk og restaurant. 5 minutt med bil til golfbane og skisenter. Et ideelt utgangspunkt for fiske i et av Europas beste ørretvassdrag. Vi har lang erfaring med sportsfiske, og deler gjerne kunnskapen vår.
Fv451 22 / Sunnfjord / +47 920 62 203 / post@jolvassbu.no / jolvassbu.no

Kalgraff Ferie og Fritid
Kalgraff ferie og fritid ligg flott plassert på Kolgrov i Ytre Sula i Solund. Her kan du nyte varme sommardagar, eller oppleve det røffe kystklimaet på dei mest stormfulle dagane. Omgitt av ope hav og fjordar er forholda perfekt for dagsutflukter. Enten om du ønskjer å fiske, utforske øysamfunna, eller å finne deg eit svaberg der du kan nyte stillheita. Utleige av båt, kajakk og syklar.
Kolgrov / Solund / +47 959 76 825 / frode.kalgraff@enivest.net / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/kalgraff-ferie-og-fritid

Kinnaspelet
Kom til sagaøya Kinn den tredje helga i juni og opplev Kinnaspelet, eit drama om kjærlighet og svik då reformasjonen kom til Norge.
Kinn / +47 577 52 530 / kinnaspelet@gmail.com / kinnaspelet.no

Kjelstad Feriehytter Kalvåg
Drøymer du om å leige ei hytte ved sjøen? Då er Kjelstad feriehytter ein stad du vil trivast! Her kan du nyte den vakre sjøutsikta, høyre bølgene skvulpe i sjøkanten og prøve fiskelykka. Kjelstad feriehytter har tre store utleigehytter så her er det god plass til heile familien! Hyttene ligg vakkert til i Kalvåg, og har eiga strandlinje, grillhytte og båt til leige.
Kalvåg / Bremanger / +47 992 26 827 / roal-kje@online.no / facebook.com/kjelstadferiehytter

Kjøsnes Feriehytter
Velkommen til Kjøsnes Feriehytter i Jølster. Her kan du bu ved Jølstravatnet der vi har eigen båtmolo m/ båt-kajakk og supbrett utleige, badestrand og gode fiskeplassar ved hyttene. Gode turmoglegheiter på fjellet heile året både til fots(fjell og breturar) og på ski. Hyttene ligger solvendt til og er eit godt utgangspunkt for å oppleve Nord Vestlandet, alt frå bre til hav.
Gnr 30 Bnr 3 / Sunnfjord / +47 577 28 529 / nils-einar@kjosnes.no / kjosnes.no

Korssund Gjestehamn
Gjestehamna i Korssund ligg lunt og idyllisk til, og har om lag 30 båtplassar ved fine flytebrygger! Her finn du sanitæranlegg, ballplass, utesjakk, grill, nærbutikk, og gatekjøkken – alt ved bryggekanten! Det er også oppstillingsplassar for bubil og campingvogner. Like ved finn du den største og finaste steinkrossen på Vestlandet. Det er også ei «Nordsjøløype», og andre godt tilrettelagde turløyper.
Gnr 239 Bnr 14 / Fjaler / +47 577 37 535 / korssund.handel@ngbutikk.net / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/korssund-gjestehamn

Krokane camping
Krokane camping ligg idyllisk og lunt til ved Fjorden, ca. 2 km. frå Florø by. Med kort avstand til spennande aktivitetar og spekatulære naturopplevingar gjer Krokane Camping til eit godt utgangspunkt for turar langs kysten. Her er tilrettelagt for fiske, dykking og bading, og ein kan overnatte i hyttar, telt eller bobil. Krokane camping er ein av Norges vestlegaste campingplass.
Brandsøyvegen 1 / Kinn / +47 577 52 250 / camping.floro@efinor.no / krokanecamping.no

Kråkenes fyr
Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjar bankar bølger og sjøsprøy på vindauge for å gje beskjed om at det er best å halde seg inne. Dette er kanskje ein av plassane i Norge det bles mest langs kysten vår. Tross at fyret er kjent for sine stormfulle dagar er det ei spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, og sjå sola gå ned i havet.
Kråkenesveien 79 / Kinn / +47 929 97 913 / ytre.nordfjord.turlag@gmail.com / krakenesfyr.com

Kverhella Hytter
Kverhella ligg i Ytre Sula i Solund kommune og er perfekt for deg som vil oppleve naturkreftene og det spektakulære landskapet. Her er tilrettelagt for deg som likar å fiske med sløyebenk og frys. Kvar hytte har varmepumpe og fiber. Kverhella hytter har 5 aluminiumsbåtar til disposisjon.
Kverhella 104 / Solund / +47 993 74 366 / kverhellen@gmail.com / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/kverhella-hytter

Kvernsteinparken
Bli med på steineventyret! Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia.
Lifjordvegen 9 / Hyllestad / +47 458 71 940 / nks@misf.no / misf.no

Kvåleskajakk
Lurar du og din familie på kva ein skal finne på i ferien? Kom til Skei i Sunnfjord og ta introkurs eller grunnkurs for å kunne padle på bølgane blå. Guida tur til Kjøsnesfjorden med sin ville natur og breer.
Jølstravegen 3225 / Sunnfjord / +47 992 35 646 / ingvald.kvaale@enivest.net / kvaaleskajakk.online

Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Om du vil oppleve lukta av gamle båtar og kystkultur er Kystmuseet noko for deg. Her kan oppdage lokale båttypar frå ei svunnen tid og vandre gjennom kystlandskap med historiske sjøbuer og kystlynghei!
Brendøyvegen 25B / Kinn / +47 982 69 854 / ksf@kyst.no / misf.no
Foto: Henning A. Hellebust

Lavik Feriehus
Velkommen til Lavik Feriehus i fin natur med fjordutsikt. Her kan du nyte stillhet og ro, eller ta deg eit bad i eit naturleg og barnevennlig saltvannbasseng. I området er det mange flotte turmulighetar, blant anna Sørbøheia som ligg 360 moh og har svært fin utsikt. Båtutleige er også muleg.
Åfjordvegen 982 / Hyllestad / +47 481 00 597 / bk.lavik@enivest.net / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/lavik-feriehus

Leonards Forlaavelse – ei oppleving
Særprega spisestad med ostar og spennande tilbehør på menyen. Sjølvbetjent matutsal, stor ostedisk og interiørbutikk. Arrangør av smakinger, eventer og utleige i Forlaavelsen, Nilsbua og Lillingstonheimen.
Gjølangervegen 871 / Fjaler / +47 450 27 443 / forlaavelsen@enivest.net / facebook.com/leonardsforlaavelse.no

Lillingstonheimen
Velkomen som gjest i historiske Lillingstonheimen, til Afternoon Tea, utstillingar og arrangement, omvisingar/formidling og museumsbutikk. Vi tilbyr også småskala overnatting, og utleige til selskap og møter.
Straumsnesvegen 5 / Fjaler / +47 45027443 / lillingston@enivest.net / fortidsminneforeningen.no/museum/lillingstonheimen

Liv og lyst
Liv Turid Gjørøy ønskjer velkomen til sitt vesle ferieparadis på Gjørøy i Bulandet. Her kan du oppleve det vakre øysamfunnet og overnatte i det sjarmerande gardshuset eller sjøhuset hos Liv og Lyst. Her finn du fleire unike overnattingsstader, og eit selskapslokale innreia i ein gamal fjøs. Det er utstilling av fleire kunstnarar inne i selskapslokalet, og ein fin fotoutstilling på ein bergvegg ute i tunet.
Nordsjøvegen 946 / Askvoll / +47 913 17 194 / liv.turid.gjoroy@enivest.net / facebook.com/profile.php?id=100057342735642

Luftkampmuseet
Ein alliert flystyrke går til angrep på tyske skip som ligg ved Frammarsvik i Førdefjorden. Dei skal senke Z33, ein tysk destroyar. Det utvikla seg til å bli det største luftslaget over Noreg under 2. verdskrig. Dei som overlevde, kalla hendinga ‘Den svarte fredagen’ til minne om sine falne kameratar. Frå museet ser ein utover fjorden der skipa låg, utstilling med bilete, film og vrakdelar.
Slettehaugen 29 / Sunnfjord / +47 578 18 260 / hslettehaug@gmail.com / haajen.no

Lunde Turiststasjon
Lunde Turiststasjon er ein tradisjonsrik overnattingsplass som har vore i drift sidan slutten av 1800-talet og ligg idyllisk til mellom bratte, mektige fjell og med flott utsikt over Kjøsnesfjorden. Her kan du leige hytter, rom og leilegheiter som eignar seg godt som utgangspunkt for fiske, fotturar og brevandring. Det er ladesatasjon for el-bil, leikeplass, utegrillplass og utleige av jacuzzi, båt, kajakk, kano og SUP- brett.
Lunde / Sunnfjord / +47 415 53 335 / lunde@turiststasjon.no / turiststasjon.no

MS Atløy
Bli med MS Atløy på fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr! Turen går med veteranbåten MS Atløy på ein fantastisk rundttur i Florø-skjergarden. Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Servering av mat på bestilling.
Gaddevåg gata 10 / Kinn / +47 900 51 867 / leiar@atloy.no / atloy.no

Måløyraidsenteret
Måløyraid senteret viser originale bilete og metervis med original film frå Måløyraidet 27. desember 1941. Senteret ligg sentralt i Måløy.
Gate 1 93 / Kinn / +47 948 16 904 / post@maloyraidsenteret.no / maloyraidsenteret.no

Norsk hjortesenter
Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på Svanøya. Dei driv med oppdrett av hjort og dåhjort. Her kan du få omvisning av dyra, og ein gang i veka kan du vere med å mate hjorten.
Svanøybukt / Sunnfjord / +47 577 52 180 / hjort@hjortesenteret.no / hjortesenteret.no
Foto: Johan Trygve Solheim

Norsk Kystkulturakademi (Sognefjord Active)
Norsk kystkulturakademi lærer den yngre generasjonen å halde tradisjonane i live, og delar kunnskap ved å halde kurs og guida turar. Du kan vere med på tur i kystlyngheia! Her kan du vere med å kalle på sauene, mate dei, kose og lære om korleis den gammalnorske sauen lev og skjøtter landskapet. Du kan og bli med på guida kajakktur gjennom Solund sine 1700 øyar, holmar og skjer.
Hardbakke / Solund / +47 911 89 822 / post@nkka.no / kystkulturakademiet.no

Norway Adventures
Norway Adventures har over 19 år erfaring med guida aktivitetar, både sommar og vinter, og dei har spesialisert seg på fleirdagsturar. Kajakkturar, vandring, sykling, Via Ferrata, multi-sport, familie aktivitetar, turar på ski og med truger, teambuilding og kurs.
Urane 13 / Bremanger / +47 576 24 170 / info@norway-adventures.com / norway-adventures.com

Nærbutikken Stavang Landhandel
Nærbutikken stavang landhandel, mykje meir enn ein butikk. Ein butikk som er en moderne kramhandlar, der man kan få tak i fiskeslukar, kakefat, hoppestrikk, strikkegarn, pynteting og hammar m.m. i lag med vanlege daglegvarer.
Stavang / Kinn / +47 577 48 512 / narbutikken.stavang@narbutikken.no / narbutikken.no/Finn-butikk/Narbutikken-Stavang-Landhandel

Nærbutikken Svanøy Handel
Svanøybukt har ruteanløp, gjestehamn, kro og landhandel og er ein møteplass for båtfolk, innbyggjarar og ferierande. På Svanøy Handel kan du kjøpe lokalmat frå Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter, få gratis turkart og leige syklar.
Biskop Svanes Veg 1 / Kinn / +47 577 40 029 / post@seglinn.com / narbutikken.no/Finn-butikk/narbutikken-svanoy-handel

Restaurant Bolette
Restaurant Bolette har sitt namn frå Bolette Helmers Olsen. Bolette er kvinna som på slutten av 1800-tallet la grunnlaget for hotelldrifta i Florø. Bolette skal vere ein naturleg og sosial møtestad for alle anledningar. Her skal det vere lett å kome innom både for kaffe, cocktails eller middag.
Markegata 43 / Kinn / +47 577 52 555 / bolette@choice.no / hotellvictoria.no

Restaurant Bryggekanten
Ærleg, ekte og lidenskapeleg. Restaurant Bryggekanten ligg idyllisk til ved sjøen i Florø, den vestlegaste byen i landet. Her er dei lidenskapeleg opptekne av god mat og drikke, og tek ingen snarvegar i jakta på kulinariske skattar!
Hamnegata 7 / Kinn / +47 577 57 575 / g.floro@choice.no / bkfloro.no

Sjøbris Adventure
Sjøbris Adventure tilbyr coasteering-, kajakk og yogaaktivitetar i Måløy og omegn. Gjennom leik, bevegelse og utfordringar i sjø og på land skapar vi eventyrlige og kraftfulle opplevingar. Med fokus på heilskapleg helsevelferd, tryggleik i vatn og bærekraft bidrar vi til gode følelsar, utvikling av det menneskelege potensiale og ivaretaking av naturen.
Gate 6 79 / Kinn / +47 952 44 993 / post@sjobrisadventure.no / sjobrisadventure.no

Skei Servicenter
Skei Servicenter er ein naturleg stoppestad langs vegen om du enten kun vil ha ein liten matbit eller sette deg ned å få deg ein god middag. Dei har også hytte til utleige, møtelokale, døgnkvile, busstasjon, ladestasjon og drivstoff anlegg.
Vikavegen 2 / Sunnfjord / +47 577 28 234 / malene@skeiservicenter.no / skeiservicenter.no

Skjerjehamn
Kun 1,5 time med båt og rett i overkant av 2 timar med bil frå Bergen kan du dra tilbake og bu i ei historisk tid. Eit brev frå 1641 er det eldste beviset på at det har vert gjestgiveri på Skjerjehamn. I den gamle sveitservillaen har tida nesten stått stille, sjølv om villaen har blitt modernisert til dagens standard, er framleis den gamle stilen ivaretatt. La kvilepulsen inntreffe og la kreativiteten strømme.
Skjerjehamn / Gulen / +47 954 22 033 / post@skjerjehamn.no / skjerjehamn.no
Foto: GS Foto AS

Skjerjehamn Handelsstad
Skjerjehamn ligg på ei vakker lita øy, like ved porten til Sognefjorden. Det er eit utmerka val for alle som verdset natur, kunst og kultur. Få med deg galleriet med stadig utskiftande utstillingar på vegen til butikken på kaia som sel heimelage røykelaks, souvenirer og anna snacks. Gå heller ikkje glipp av ein tur bort til den majestetiske statuen av Kong Olav.
Skjerjehamn / Gulen / +47 954 22 033 / post@skjerjehamn.no / skjerjehamn.no
Foto: Kine Wilhelmsen

Skongenes fyr
Kråkenes fyr er plassert på eit platå 45 moh og omkransa av hav på tre sider. Når stormen herjar bankar bølger og sjøsprøy på vindauge for å gje beskjed om at det er best å halde seg inne. Dette er kanskje ein av plassane i Norge det bles mest langs kysten vår. Tross at fyret er kjent for sine stormfulle dagar er det ei spesiell oppleving å sitte ute, utan eit vindpust, og sjå sola gå ned i havet.
Raudeberg / Kinn / +47 489 55 867 / ytre.nordfjord.turlag@gmail.com / ytrenordfjord.dnt.no/skongenes%20fyr

Sognefjord Ferie
Sognefjord Ferie er eit ferieanlegg med høgstandard hytter og flott beliggende i sjøkanten ved Sognefjorden. Her finn du fire store hytter heilt ved sjøkanten, med båthamn og stor terrasse, samt eit nybygg med fire flotte leiligheter.
Sognefjordvegen 1416 / Gulen / +47 481 74 451 / info@hjartholm.no / sognefjordferie.no

Sognhostel
Sognhostel er eit familiedrive hostel i landlige område og passar perfekt om du reiser åleine, eller saman med nokon. Her kan du slappe av, nyte naturen eller gå fjellturar i fantastiske omgjevnader. Det fins mange ulike aktiviteter for store og små i området.
Åfjordvegen 676 / Hyllestad / +47 907 87 693 / post@sognhostel.no / sognhostel.no

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Kunst set ord, form, farge og lyd på menneskelege erfaringar. Her i storstova for kunst finn du tre etasjer fulle av utrykk for levd liv, som du kan oppleve, tolke og gruble over.
Storehagen 1A / Sunnfjord / +47 974 21 565 / sfkm@misf.no / misf.no
Foto: Thomas Bickhardt / BickFoto

Solund leilighetshotell
Ta turen til Solund Leilighetshotell – og nyt den fantastiske utsikta frå hotellet! Her får du ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag. Vandre i eit vakkert kystlandskap, og opplev Solunds 1700 øyar, holmar og skjer! Solund Leilighetshotell ligg i sentrum på Hardbakke i Solund.
Internatvegen 21 / Solund / +47 911 89 822 / post@solund.com / solund.com

Solund rorbuferie
Solund Rorbuferie har tre rorbuer med høg standard, heilt nede i sjøkanten. Nyt flotte dagar ved uteområdet. Her finn du ei grillhytte som er open for gjestane med plass til 20 personar. Solund Rorbuferie tilbyr utleige av Øyen 18 fots båtar slik at de kan oppleve øyparadiset også frå sjøen.
Nordrevågen 16 / Solund / +47 917 92 230 / sonjahj@icloud.com / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/solund-rorbuferie

Spar Bremanger
Hos SPAR Bremanger finn du alltid gode tilbod og eit breitt utval av nystekte brød, frukt og grønt, og i ferskvaredisken deler vi gjerne gode tips og oppskrifter på hva du kan lage til middag. Service er viktig for SPAR Bremanger, og ser fram til å ønskje deg velkommen som kunde!
Grotlevegen 133 / Bremanger / +47 577 91 308 / spar.bremanger@ngbutikk.net / facebook.com/sparbremanger

Stardalen Hyttegrend
Stardalen Hyttegrend har 10 store hytter omgitt av vakker og vill vestlandsnatur. Hyttene har fult utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, peis og tv i stue, vaskemaskin, gratis wifi og god parkering. Stardalen, bygda under breen, har mange naturopplevingar å by på. Her kan du gå varierte fjellturar på alle kantar, men turen til Haugabreen er nok den mest populære fjellturen.
Befringsvegen 44 / Sunnfjord / +47 476 40 893 / kontakt@stardalenhyttegrend.com / stardalenhyttegrend.com

Stavang Rorbuer
Velkomen til Stavang Rorbuer. Her kan du leige rorbuer og båtar i eit koselig sjøhusmiljø. Stavang ligg omkransa av vakre øygrupper, med gode solforhald og med ein fantastisk sjøutsikt. Stavang Rorbuer er ein ferieidyll som har ideelle forhald for å kombinere ein vellykka fiskeferie med spanande turar. Her er det badestrender og gode forhald for kajakk og SUP brett.
Stavangvegen 32 / Kinn / +47 911 33 022 / booking@fjordtourist.com / fjordtourist.com

Steinsund Marinesenter
Familievennleg stad med rorbuleiligheter og hus i Solund, lengst vest i Sognefjorden. Her ligg vi idyllisk til, 5 minutt unna Hardbakke sentrum. Her er det mogleg å leige båt, padle med kajakk, hoppe på trampoline eller bade i fjæra. God plass for dykkarar, med spennande områder under vatn. Vi samarbeider nært med andre tenester i kommunen, t.d. for båtturar og matlevering.
Gnr 24 Bnr 27 / Solund / +47 975 75 117 / info@steinsund.no / steinsund.no

Sunnfjord Museum
Sunnfjord Museum syner fram kulturarv og daglegliv frå dei indre Sunnfjordbygdene. Sunnfjord Museum ligg idyllisk til ved Movatnet like aust for Førde sentrum og er ope heile året.
Jølstravegen 107 / Sunnfjord / +47 577 21 220 / sum@misf.no / misf.no
Foto: Line Hårklau

Sørstrand Folkepark
Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året.
Sørstrand Øst / Kinn / +47 480 13 161 / sorstrand.no

Thon Partner Hotel Førde
Thon Hotel Førde er eit tradisjonsrikt hotell med røtter heilt tilbake til 1860. Hotellet ligg langs E39, og i umiddelbar nærleik finn du Handelshuset Førde, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Hafstadkleiva. I restauranten Ete fysst får du god mat i koselege omgjevnader. Lobbybar finst òg, om ein ynskjer noko godt i glaset. Der er boblebad og eit godt utstyrt treningsrom samt døgnopen resepsjon.
Hafstadvegen 26 / Sunnfjord / +47 578 28 110 / forde@thonhotel.no / thonhotels.no/hoteller/norge/forde/hotel-forde

Thon Partner Hotel Jølster
Thon Hotel Jølster ligg såleis svært vakkert og sentralt til, og har sidan starten i 1889 hatt personleg atmosfære, komfort, kvalitet og trivsel som eit varemerke ved hotellet. Hotellet er eit godt utgangspunkt for flotte turar både sommar og vinterstid. Her kan du leige sykkel, eller nytte utebadstua der du kan hoppe rett i Jølstravatnet for å kjøle seg ned når dei vil det!
Skei / Sunnfjord / +47 577 27 800 / jolster@thonhotels.no / thonhotels.no/hoteller/norge/jolster/jolster-hotel

Turguiding Værlandet og Bulandet
Ruth Bakke er fødd og oppvaksen på Værlandet. Ho tek deg med på vandring i den flotte naturen med spanande flora og fauna, og unik geologi. Du kan lære om kystkulturen, vitje museum og utstillingar, vere med på guida sykkeltur på vegen og bruene som knyt saman Værlandet og Bulandet.
Værøyhamnen 73 / Askvoll / +47 416 37 997 / ruth.bakke@enivest.net / facebook.com/Turguiding-V%C3%A6rlandet-Bulandet-Ruth-Bakke-202418047182743

UWC Connect
På UWC Connect kan du overnatte i nye, lyse og romslege rom like ved Flekke fjorden. Overnattingbygga ligg i tilknyting til UWC RCN som er ein internasjonal skule som husar 200 elevar frå heile verda. Her er det total overnattingskapasitet til 91 mennesker. Perfekt for større grupper.
Haugland / Fjaler / +47 577 37 021 / connect@rcnuwc.no / uwcconnect.com

Veljebua
På Iglandsvik i Bremanger, like ved småbåthamn og molo, og med utsikt mot fjorden og havet, finn du ei over 100 år gamal sjøbu. Bua har i fleire generasjonar vore nytta til fiskeriformål, til oppbevaring av garn og anna fiskeutstyr og til behandling av fisk. Veljebua har teke vare på ein del av den gamle sjøbua samstundes som dei har laga til moderne husvære med alt du treng i ferien.
Iglandsvika 16 / Bremanger / +47 577 91 245 / jarle.grotle@online.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/veljebua

Vesle Kinn
Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I sommarsesongen, og elles av året på førespurnad, så kan du bli med på omvising og ølsmaking på Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri.
Strandgata 28 / Kinn / +47 900 90 465 / post@veslekinn.no / veslekinn.no

Viking Footprints
Ein smak av livet i vikingtida i Hyllestad.Her kan du utforske vikinghagen, lære om planter og gardsliv i vikingtida, prøve historiskehandverksteknikkar, og prøve deg på øksekasting og bogeskyting. Du får lære om den ekte vikinghistoria, og ha det moro med viking-aktivitetar.
Nesvegen 58 / Hyllestad / +47 939 42 454 / contact@vikingfootprints.com / vikingfootprints.com

Vingarden på Jølst
Vingarden på Jølst er ein fruktvingard under oppbygging på langs Jølstravatnet, med utsikt over Astrups rike. Her kan ein smake og kjøpe drikkevarer av vestlandske råvarer med og utan alkohol. I sommarsesongen er det tilbod om smaking og omvising til faste tider, med faste opningstider i utsalet. Utanom dette, og i året elles er det ope for gruppebestillingar.
Jølstravegen 2380 / Sunnfjord / +47 472 88 004 / caasen@gmail.com / vestavin.no
Foto: Falkeblikk

Værlandet Havhotell
Har du lyst på ei unik oppleving ved Noregs vestlegaste hotell? Værlandet Havhotell byr på overnatting med havet rett utanfor soverommet! Begge dei to hotellbygga har spektakulær utsikt over himmel og hav, og alle romma har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord for turen er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie.
Værøyhamnen 57 / Askvoll / +47 917 39 366 / post@vaerlandethavhotell.com / værlandethavhotell.no

Vågsberget handel- og gjestgjevarstad
Vågsberget handel- og gjestgjevarstad er ein tidligare handels- og gjestgjevarstad langs kysten. Her kan du få guida omvising.
Vågsberget 5 / Kinn / +47 982 69 854 / ksf@kyst.no / misf.no

Yndestad Gard
Yndestad gard ligg i vakre omgjevnadar med flotte områder for turar i fjell og mark, fiske, båttur, bading med meir. Her kan du verkeleg nyte sommardagane med utsikt både til fjell og vatn.
Yndestad / Fjaler / +47 577 37 577 / yndestadgard@gmail.com / yndestadgard.no

Quality Hotel Florø
Ein storslagen utsikt over fjord og fjell gir den ideelle atmosfæren for konferansar, hotellopphald eller ein betre middag på Restaurant Bryggekanten. Hotellbygget er todelt med ein eldre del som er eit restaurert sildesalteri frå 1890-åra og ein ny del som er bygd i 1997. Alle romma har ein unik atmosfære som er prega av den maritime historia.
Hamnegata 11 / Kinn / +47 577 57 575 / g.floro@choice.no / nordicchoicehotels.no/hotell/norge/floro/quality-hotel-floro