Ansvarleg marknadsføring

Ansvarleg marknadsføring handlar om å forstå ulike gjesters behov og forutsetningar, og gje dei gode, realistiske bilete av reisemålet og tilboda som fins, både før ankomst og under opphaldet.

Prinsipp for ansvarleg marknadsføring
  1. Ver ærleg, påliteleg og oppriktig i all kommunikasjon og interaksjon
  2. Gi informasjon om sikkerheitsforhold og nødprosedyrer. Tilby støtte og assistanse hvis det oppstår uforutsette situasjonar eller problem.
  3. Formidle på ein måte som oppfordrar til å vise omsorg og respekt for naturen, kulturen og menneska på reisemålet.
  4. Vel kommunikasjon og marknadsføring som når den rette målgruppa på riktig måte og til rett tid.
Rettleiing for ansvarleg marknadsføring

Visit Fjordkysten og Sunnfjord har etablert ei rettleiing ansvarleg marknadsføring for å:

  1. styrke vertskapet si rolle som ambassadør for ansvarleg gjesteadferd og integrere prinsipp for berekrafig reiseliv i deira tenester og drift.
  2. gje eit realistisk bilde av reisemålet og tilboda som fins, i henhald til lovar, reglar, anbefalingar, samt kva gjester kan forvente å oppleve i regionen.
  3. auke medvitet blant dei besøkande om deira innverknad på reisemålet og oppmuntre til ansvarleg atferd for å bevare og verne natur, kultur og miljø.