Berekraft

Vi i Visit Fjordkysten og Sunnfjord er stolte av vår kulturelle rikdom, vårt naturmangfald og våre unike ressursar. Vi arbeider for å vere eit ledande eksempel på berekraftig reiselivsutvikling samtidig som vi tek vare på kultur, natur og miljø for nåverande og kommande generasjonar. Vår visjon er å skape ein destinasjon som foreinar reiseliv og lokalsamfunn til det beste for gjestar, innbyggarar og næringa, for miljøet og vår natur- og kulturarv.

Vi er Miljøfyrtårn

Visit Fjordkysten og Sunnfjord er Miljøfyrtårn-sertifisert. Dette betyr at våre praksisar og prosedyrar innan miljøoppfølging møter kriteria sett av Miljøfyrtårn-stiftinga. Vi kan stadfeste at strenge krav innan område som arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport og avfall er oppfylte.

Miljørapport

Her vil du etter kvart finne våre miljørapportar.

Merket for Berekraftig reisemål

I tråd med Visit Fjordkysten og Sunnfjord sin strategi og handlingsplan for 2023-2026 har destinasjonsselskapet starta arbeidet med å kvalifisere for Innovasjon Norge sitt «Merket for Bererkraftig Reisemål. Arbeidet er organisert i eit 2-årig porsjekt som involverar reiselivsaktørar og reisemål i dei seks kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn, Solund og Sunnfjord. Prosjektet gjennomførast med støtte frå Innovasjon Norge, og alle kommunestyrene har slutta seg til handlingsplanen.