Vi skal utvikle den komplette reiseplanleggaren for Vestlandet!

Reiselivsbedrifter i FjordKysten vil gjennom sitt medlemsskap i Visit FjordKysten bli løfta fram i ein stor satsing med den komplette reiseplanleggaren og nye kraftfulle nettsider finanisert av Sparebanken Vest, Fjord Norge og destinasjonsselskapa på vestlandet!

Vårt landsdelselskap Fjord Norge, som Visit FjordKysten er ein del av har fått støtte til utvikling av ein komplett reiseplanlegger for vestlandet. Vi har til saman fått tildelt 6,6 MNOK til utvikling av ein native app og ein webapplikasjon.

Det betyr at både den norske og internasjonale turisten vil kunne bruke framtidig nettside til planlegging av reisa si, og ha oss med på reisa i form av ein app på telefonen sin.

Lansering

Reiseplanleggaren vil få ein 1. versjon lansert allereie i juni. Fullversjon av appen og den nye felles nettsida for fjordkysten.no, fjordnorway.com og dei andre destinasjonsselskapa på vestlandet vert lansert til hausten.

Lokalkunnskapen er gullet som vi skal forvalte

Reiseplanleggaren skal skape meirverdi for brukaren, for reiselivsnæringa på Vestlandet, og den vil bli eit viktig verktøy for utvikling av eit meir bærekraftig reiseliv. Appen vil gje kraft og auka synlegheit av våre medlemar og deira produkt, så no er tida inne for å sjekke oppføringane di bedrift har på fjordkysten.no, som igjen vert vist på den nye appen, fjordnorway.com, visitnorway.com og visitnorway.no.

Det er med andre ord ekstremt viktig at kvaliteten på produkta blir så god som mogleg – på alle språk (norsk, engelsk og tysk). Det er og viktig med gode produktbilete som freistar og gjengir di bedrift på ein truverdig og god måte.

Reiseplanleggaren skal skape meirverdi for brukaren, for reiselivsnæringa på Vestlandet, og den vil bli eit viktig verktøy for utvikling av eit meir bærekraftig reiseliv

  • Den skal hjelpe nordmenn og internasjonale gjestar til å finne, bruke og oppleve Vestlandet.
  • Den skal hjelpe ei næring i krise og å gjere opplevingane meir synleg og aktuell for potensielle gjestar.
  • Destinasjonsselskapa får endå betre distribusjon av produkta i produktdatabasane sine som vert integrert i løysinga.
  • Den skal bidra til auka lokal verdiskaping, og til eit meir bærekraftig reiseliv – med lokalmat, kultur, aktivitetar og opplevingar, samt lokalproduserte produkt i tilstøtande næringar.
  • Den skal bidra til auka opphaldstid, auka forbruk og til auka gjenbesøk.
  • Den skal gjere gjestar som kjem til Vestlandet meir nøgd og til våre ambassadørar.
  • Det skal vere ein ny måte å tenke «planlegg reisa» på ved å samle all relevant informasjon, gje ei personleg brukaroppleving og tilpassa forslag.
  • Den skal bli ei «benchmark-løysing» for andre land og regionar.